Vindafjord-hallen
Vindafjordhallen ligg omtrent midt i bygda, ved kyrkja på Kårhus.
Hallen var ei gåve frå NC til kommunen, og mykje av arbeidet vart gjort på dugnad av bygdefolket.
Kommunen eig hallen, men han blir driven av eit partslag beståande av lag og foreningar i Vats.
Huset rommer symjehall, festsal, kjellarstove, kafeteria, treningssenter, møterom m.m.
Symjehall
•Festlokale
BADEVAKT ?
Dersom du ønskjer å vera badevakt eller kjenner nokon som kan tenkja seg dette:
Ta kontakt med Vindafjordhallen for
informasjon om kurs.
BADING: Stengt i sommarferien, juni til ut i august
Sjå kalenderen på vatsnett.com for dagar/periodar bassenget er ope.
Det er ope til faste dagar og tider om hausten og ettervinteren. Bassenget er
stengt i juleferien, påskeferien og sommarferien frå juni til ut i august.
Dagane med symjing er desse:
Tysdag:
kl. 17.00 - 19.00 Familebading
kl. 19.00 - 21.00 Vaksenbading
Onsdag:
kl. 11.00 - 14.00 Familiebading
Torsdag:
kl. 16.00 - 17.00 Pensjonistbading
kl. 17.00 - 19.00 Familiebading
kl. 19.00 - 21.00 Vaksenbading
Søndag:
kl. 12.00 - 16.00 Familiebading
For opplysning om siste dag før feriar og opning etter feriar, sjå kalenderen
på nettsida.
ANDRE TILBOD:
- Tre solarium.
- Lokale til leige for møter, bursdagar, minnnemøte, bryllup, slektstreff osb.
Telefon: 52 76 52 00
faks: 52 76 52 69
Vakttelefon: 91 31 88 76
E-post: aktivepost@vindafjordhallen.no