Kort om bygda


Vats er ei vakker bygd i Vindafjord kommune. Bygda ligg midt i kommunen og består av eit hovud-dalføre samt eit par sidedalar. Dalane i bygda er omkransa av fjell og mellom fjella og alt vatnet er der jordbruksland med mange fine gardar.


Vats har alt ein treng - barnehage, skule, bedrifter, daglegvarebutikkar, eit rikt friluftsliv med fjord og fjell - og eit flunkande nytt bygdahus med svømmehall! Og kanskje viktigast av alt har bygda ein heil haug med kjekke folk.

Vats grendalag


Denne nettsida er driven av bygda sitt grendalag.

Vats Grendalag er eit utval beståande av innvalde personar frå bygda. Laget tek opp saker som dei får innspel på både frå bygdefolk, kommune og andre som måtte ha saker dei meiner er viktige å ta opp vedrørande bygdas ve og vel.


Laget har faste møte med kommunen og andre aktørar om saker og planar som vedrører bygda vår. Dei arbeider med saker som tilstanden til Vatsvassdraget, sykkel- og gong-stiar, gatelys m.m

Kva skjer i bygda?

Opningstider Vindafjordhallen

Kafeen på bygdahuset har ope følgjande tider:

Tysdag:   12:00 - 15:00: servering av varmmat, søt mat og drikke
                  17:00 - 20:00: kiosk
Torsdag: 17:00 - 20:00: kiosk
Laurdag: 12:00 - 16:00: kiosk og graut
Søndag:  12:00 - 17:00: kiosk

Kom innom for ein matbit og kaffi, ta gjerne med det strikketøyet og ein venn! Kvar laurdag kan du kjøpa graut i kafeen!

Symjeanlegget sine opningstider i vanlege veker:
Tysdag:       13:00 - 14:30: Formiddagsbading
                      16:30 - 19:00: Familiebading
                      18:30 - 20:00: Vaksenbading

Onsdag:      06:30 - 08:30: Morgonbading

Torsdag:      12:00 - 13:30: Aquagym / Formiddagsbading
                      16:30 - 19:00: Familiebading
                      18:30 - 20:00: Vaksenbading
Laurdag:      10:30 - 16:00: Familiebading
Søndag:       10:30 - 16:00: Familiebading

Aktuelt frå Vats

Kva skjer i påsken?
1) Du kan symja og skli i den nyopna vassklia! Opningstider i påsken: Tysdag 31. mars 10.30–16.00 Onsdag 1. april 10.30–16.00 Torsdag 2. april 10.30–16.00 Laurdag 4. april – Stengt Sundag 5. april – Stengt Måndag 6. april 10.30–16.00 2) Du kan gå på kaféen på Vindafjordhallen! Opningstider i påsken: Tysdag 12:00-16:00 (varmmat) og 17:00 - 20:00 (kiosk) Laurdag 12:00 - 16:00 (graut) Søndag 12:00 - 17:00 3) Du kan ta med familien på påskejakt! Bli med på påskejakt onsdag (01.04) til og med søndag (05.04). Påskejakta startar kl.10:00 om morgonen. Då kjem hintet til dagens lokasjon ut på Facebook, løys den og finn QR koden. QR-koden på lokasjonen er open for registrering frå kl.10:00 - kl.18:00. Kunngjering av vinnar av dagens påskeegg ca. kl.19:00, på Facebook. https://www.facebook.com/events/1338859471622181/?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22surface%22%3A%22home%22%7D%2C%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull
27 March 2026
Vassklia er opna!!
Vassklia er godkjend – klar for påskebading! No er det offisielt: Vassklia i Vindafjordhallen er godkjend og klar til bruk – akkurat i tide til påskebadinga! I dag testa dagleg leiar Mangor Bårdsen, badevaktene og nokre forventningsfulle barn den nye sklia. Det vart både jubel, latter og store smil då dei første prøveturane var gjennomførte. – Det er alltid stas når me kan opna nye tilbod for gjestane våre, og ekstra kjekt å sjå kor mykje glede dette skapar, seier den daglege leiaren, som sjølv tok turen i sklia for å sjå at alt fungerte som det skulle. Med godkjenninga på plass kan små og store gle seg til ei påskeveke fylt med bading, leik og gode opplevingar i Vindafjordhallen. Opningstider i påsken: Tysdag 31. mars 10.30–16.00 Onsdag 1. april 10.30–16.00 Torsdag 2. april 10.30–16.00 Laurdag 4. april – Stengt Sundag 5. april – Stengt Måndag 6. april 10.30–16.00
27 March 2026
Utvida opningstider i symjeanlegget i vinterferien!
Opningstider vinterferien 2026 Vinterferien nærmar seg, og me held sjølvsagt symjehallen open fleire dagar slik at du kan nyta varme, aktivitet og kjekke stunder! Tysdag Opent 11.00–20.00 Aquagym og vaksenbading kl. 18.30–20.00 Onsdag Opent 06.30–13.00 Flyteterapi kl. 13.00 Torsdag Opent 11.00–20.00 Aquagym kl. 12.00 Vaksenbading kl. 18.30–20.00 Flyteterapi kl. 20.00 Billettar får du kjøpt direkte på Vindafjordhallen. Har du spørsmål eller ei tilbakemelding? Då kan du ta kontakt her: vindafjordhallen.symjehall@vindafjord.kommune.no
19 February 2026
Quizkveld på Vindafjordhallen 26.02 kl 19:00!
Vindafjordhallen inviterer til Quizkveld med Olav Gregersen 26.02 kl 19:00! Sett sammen eit godt lag og kom! 100,- per person
19 February 2026
Konsert med KOR'e Vindafjord etterfulgt av pubkveld - 17 april
Fredag 17.april 19:30 inviterer KORE’ Vindafjord til konsert på vindafjordhallen! Etterfulgt av pubkveld fra 21!
19 February 2026
Vinterferie og pizzabuffet på Vindafjordhallen!
Tirsdags kafeen i vinterferien (uke 9) byr på pizzabuffet Det blir og nåke søtt!
19 February 2026
Denne bloggen er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv å oppdatere siden eller kom tilbake senere. Beklager ulempen.