Vassklia er godkjend – klar for påskebading!

No er det offisielt: Vassklia i Vindafjordhallen er godkjend og klar til bruk – akkurat i tide til påskebadinga!

I dag testa dagleg leiar Mangor Bårdsen, badevaktene og nokre forventningsfulle barn den nye sklia. Det vart både jubel, latter og store smil då dei første prøveturane var gjennomførte.

– Det er alltid stas når me kan opna nye tilbod for gjestane våre, og ekstra kjekt å sjå kor mykje glede dette skapar, seier den daglege leiaren, som sjølv tok turen i sklia for å sjå at alt fungerte som det skulle.

Med godkjenninga på plass kan små og store gle seg til ei påskeveke fylt med bading, leik og gode opplevingar i Vindafjordhallen.

Opningstider i påsken:

Tysdag 31. mars 10.30–16.00

Onsdag 1. april 10.30–16.00

Torsdag 2. april 10.30–16.00

Laurdag 4. april – Stengt

Sundag 5. april – Stengt

Måndag 6. april 10.30–16.00