Det er mange grunnar til å bu i Vats. Kanskje er du oppvaksen her sjølv, eller så er partnaren din oppvaksen her, kanskje fann du deg ein jobb i området, eller kanskje treng du komma deg vekk frå bylivet og heller finna deg ein naturnær bustad.
Folketalet i bygda har dei siste 20 åra svinga både opp og ned, men i perioden 2001-2023 auka faktisk folketalet med nøyaktig 20 personar (SSB). Som dei aller fleste bygder har rett nok alderssamansetninga gått i favør av den eldste garden, men det skortar ikkje på engasjement for å sikra at bygda kan vera ein skikkelig god plass å vera ung i, og ikkje minst til å leva familielivet i.
Bygda har skule, heilt nyoppussa barnehage, daglegvarebutikkar, flunkande nytt bygdahus med svømmehall, kafe- og selskapslokaler, frisør, eit rikt næringsliv, og byr ikkje minst på mange naturopplevingar med fjord, fjell, vatn og skog.
Nausthaugen barnehage er ein privat barnehage lokalisert i strandkanten i Nedre Vats. Barnehagen har i 2024/2025 gjennomgått ei totaloppussing både inne og ute, og har til og med eit eige basseng!
Barnehagen har i dag om lag 60 barn, og har plass til fleire.

Vats skule ligg flott til i Nedre Vats, ikkje langt frå kyrkja og Hatteland stadion. Skulen har omlag 100 elevar på barnetrinnet frå 1. - 7. trinn og har elevar frå 7 ulike nasjonalitetar.
6 attraktive leiligheiter i to- og firemannsbustad, begge er nybygg. 2 er allereie selde og 1 er reservert. Sjå annonse på FINN for meir informasjon!
5 bustadtomter til sals, nær både skule og barnehage, samt framtidig bygdahus og svømmebasseng.
2 ledige tomter i godt etablert bustadfelt. Gangavstand til skule og framtidig bygdahus og svømmebasseng.
Har du spørsmål til denne nettsida, eller syns du at det manglar noko?
Ta kontakt!