Vindafjordhallen er eit kombinert bygg - med bygdahus med forsamlingslokale, kafe, selskapslokale og storkjøkken i den eine delen og symjeanlegg i den andre delen.
Medan symjeanlegget blir drifta av Vindafjord kommune, er bygdahusdelen drifta av eit styre med dagleg leiar. Opningstider for dei to delane kan derfor variera, sjå under.

Kafeen på bygdahuset har ope følgjande tider:
Tysdag: 17:00 - 20:00
Torsdag: 17:00 - 20:00
Laurdag: 12:00 - 16:00
Søndag: 12:00 - 17:00
Kom innom for ein matbit og kaffi, ta gjerne med det strikketøyet og ein venn! Kvar laurdag kan du kjøpa graut i kafeen!
Ynskjer du å leiga bygdahuset for selskap, fest eller anna, eller lurer du på noko angåande bygdahuset?
Send mail til:
kontakt@vindafjordhallen.no

Kort om Aquagym
Kvar torsdag framover blir det aquagym frå klokka 12.00–13.30. Oppstart er 22. januar. Aquagym er ei treningsform som kombinerer gym og instruktørleia vannaerobic. Rørsle i vatn gir skånsam, men effektiv trening, og responsen har vore veldig positiv! Det er inga påmelding, og billettar til dette kan du førebels kjøpa direkte i Vindafjordhallen
(Hallen er open for dei som vil symje òg.)
Kort om vaksenbading
Tirsdag og torsdag er det vaksenbading frå 18.30-20.00. Då er stupetårnet stengd og terapibassenget er justert til 160 cm.
Vindafjordhallen har eitt treningsbasseng på 25 meter, med ei djupne på 3,6 meter. Her finn du stupetårn på 1 og 3 meter, samt ei vassklie (er ute av drift akkurat no, men den skal opna snart). Det er også eit terapibasseng med justerbar djupne. Hallen har dessutan badstove. Det er familiegarderobe med tilrettelegging, og toalett tilrettelagt for personar med funksjonsnedsetting i garderobane.
Opningstider i vanlege veker:
Tysdag: 13:00 - 14:30: Formiddagsbading
16:30 - 19:00: Familiebading
18:30 - 20:00: Vaksenbading
Onsdag: 06:30 - 08:30: Morgonbading
Torsdag: 12:00 - 13:30: Aquagym / Formiddagsbading
16:30 - 19:00: Familiebading
18:30 - 20:00: Vaksenbading
Laurdag: 10:30 - 16:00: Familiebading
Søndag: 10:30 - 16:00: Familiebading
Billettar kan kjøpast på førehand eller i døra!
Har du spørsmål eller ei tilbakemelding?
Då kan du ta kontakt her:
vindafjordhallen.symjehall@vindafjord.kommune.no
Har du spørsmål til denne nettsida, eller syns du at det manglar noko?
Ta kontakt!