KAFÉ OG KIOSK PÅ VINDAFJORDHALLEN - TIRSDAGAR, LAURDAGAR OG SØNDAGAR
Tirsdagar: 12:00 - 15:00: Servering av varmmat, noko søtt og kaffi.
17:00 - 20:00: Kiosk
Laurdagar: 12:00 - 16:00: Grautservering og kiosk
Søndagar: 12:00 - 16:00: Kiosk

BADING I VINDAFJORDHALLEN - UTVIDA OPNINGSTIDER I MAI
Klar for eit vårbad i Vindafjordhallen? Sidan skulen ikkje badar i mai, har me ekstra god kapasitet i bassenget. Difor blir opningstidene i mai slik:

Tysdagar: 10.00–14.30
16.30–20.00

Onsdagar: 6.30–11.00

Torsdagar: 10.00–14.30 (Terapibassenget er i bruk til aquagym kl. 12.00–13.30)
16.30–20.00

Laurdagar: 10.30–16.00

Sundagar: 10.30–16.00

Stengt desse dagane i mai:
Fredag 1.
Torsdag 14.
Søndag 17.
Måndag 25.

Billettar kan kjøpast på nett eller i symjehallen. Velkomen til ein kjekk symjetur!

SPRELL LEVENDE VATS PÅ ARKEN - TIRSDAG 05. MAI 17:00 - 18:30
For barn i alderen 3-10 år. På samlingene har vi en kort bibelfortelling, sang, lek, aktiviteter og avslutter med kveldsmat. 

Spørsmål? Ta kontakt med Hanne K. Sørhus på 922 98 676

FORMIDDAGSTREFF PÅ ØVRE VATS BEDEHUS - TIRSDAG 05. MAI 11:00 - 13:00

Alle velkommen til ein trivelig stund ilag med drøs ,strikking(for den som har lyst) og servering. Det blir ord for dagen, me syng ilag, opplesing og har du noke å fortelja eller lesa så er me glad for det .Me håpar mange har lyst å komma.
Treng du skyss ring 91 18 11 57!


KONSERT PÅ NESHEIMSTUNET: REVEHIET - FREDAG 08.MAI 19:00 - 23:00
Kort fortalt inntar Revehiet Nesheimstunet 8 mai for å spille konsert for gjestene, som nyter nydelig hjorteburger med noe godt i glasset. Billetter koster 250 kroner (kjøpes i døra) og bord- og matbestilling gjøres på tlf: 924 61 223.

"Mellom røttene til et almetre på Karmøy har vi gravd ut et lunt, lite revehi, et godt tilholdssted for vårt musikalske kollektiv. Gjennom de ulike huleinngangene drar vi inn musikalske inspirasjoner fra alle mulige retninger.Det vi former og skaper er derfor vanskelig å sammenligne direkte med noe annet der ute, selv om band og artister som Bob Dylan, Radiohead og Waterboys fra utlandet, og våre samfylkinger Kaizers Orchestra og Morten Abel, kan spores i melodier og besetning. Stort sett påvirkes musikken av våre omgivelser, selve hiet: rått, organisk og upolert. Om vi må, plasserer vi oss i sjangeren Alternativ/indie rock."

https://www.facebook.com/events/1495726349011649?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D

MAIDANS PÅ VINDAFJORDHALLEN - LAURDAG 09. MAI 20.00
Endeleg klar for den årlege maidansen i Vats! På grunn av at 17. mai fell på ein søndag, blir den tradisjonelle mai-dansen flytta til 9. mai 
Dette blir også første året tilbake i Vindafjordhallen etter brannen, og me gler oss enormt til å samla folk igjen til ein skikkeleg festkveld!
Det blir rigga til både telt ute og gode område inne, så her ligg alt til rette for ein kveld med topp stemning – uansett vêr.

Torsdagsklubben speler opp til dans frå kl. 22:00, men vêr litt skjepeleg og kom før!
Ta med venner, godt humør og danseskoa – dette vil du ikkje gå glipp av!
Me håpar å sjå så mange som mogleg på mai- i år dans i Vats!
Billettar blir kjøpt i døra! Kr 350,- og 18-årsgrense.

https://www.facebook.com/events/1644222463288190?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D

TEMAKVELD OM TORLEIF S. KNAPPHUS PÅ ARKEN - MANDAG 11.05 17:00
Skjold, Vats og Vikebygd Sogelag inviterer til ein spennande og lærerik kveld der lokalhistorie og store livsskjebnar står i fokus. Denne kvelden dykkar me ned i den fascinerande historia til Torleif S. Knapphus. I tillegg får me eit innblikk i utvandringshistoria til religiøse minoriteter og reisa frå Noreg til det ukjende i vest.

Program:
Jone Hatteland: Ønsker velkommen og fortel litt om vår lokale helt Torleif Knapphus
Nils Olav Østrem: "Å vandra ut for å tru fritt"
Rolf Isaksen: "Norske mormonpionerar i Norge og Amerika"
Svanhild O. Nessa: Om sitt bokprosjekt og forsking på kvekarar og mormonarar i Ryfylke-bygdene
Hartvig Waage: Historia om Sarah Ann og utvandrarkvinner frå Tysvær og Vindafjord
John Gerritsen: Memories from my grandfather Torleif Knapphus
Felles: Prat med kaffi og litt å bita i

17. MAI-FEIRING - MEIR INFO KJEM!

QUIZKVELD PÅ VINDAFJORDHALLEN - TORSDAG 28. MAI KL 19:00
Quizkveld har blitt ein suksess - meld på eit lag og bli med!


KULTURVEKA I VATS 2026 - LAURDAG 30. MAI - SØNDAG 7. JUNI

Så er komitéen i gong med planlegging av ei ny kulturveke. I år vert det 10. gong me arrangerer Kulturveka sidan oppstarten i 2006. Som vanleg vert det eit variert program. Litt av programmet er allereie klart. Me er glade for at Vindafjordhallen igjen kan takast i bruk. Der legg me opp til to kveldar. Så vert det sjølvsagt fjelltur. Med oppstart hjå Nina og Jan Haslemo laurdag 6. Og det vert friluftsgudsteneste på Refsnes søndag 31. mai.

Opninga av Kulturveka vert laurdag 30. mai. Den vert i tunet til Jorunn og Knut Arne Skjervheim på Eikanesstrondå i Nedre Vats. Dei har mellom anna ein flott hage, der dei dyrkar bær og grønnsaker. Hagen har mange fiffige idéar til løysingar. Noko som kan vera til inspirasjon for andre.

Meir detaljerte program vil koma etter kvart.

Legg Kulturveka i Vats 2026 inn på kalenderen din nå.

https://www.facebook.com/groups/684023871664570

ANDARACE I HATTELANDPARKEN - LAURDAG 30. MAI 14:00
9. klasse arrangere Andarace i Hattelandparken, i samband med Kulturveka i Vats. No er endene vaska, fått startnummer, og klare for konkurranse. Salget startar nær deg frå 6. mai, følg med!

https://www.facebook.com/events/1644222463288190?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D


FISKEFESTIVAL - LAURDAG 06. JUNI 10:00 - 14:00
Vindafjord jakt- og fiskelag UNG arrangerer i tradisjon tru fiskefestival. Alle som skal fiska må møta opp på kaien før startskotet går klokka 10:00, og alle må ha registrert fangsten før klokka 14:00. Det blir premiering for dei tre tyngste fiskane i kvar klasse, og sjeldnast fisk. Alle barn får deltakarmedalje, og det blir også andre trekningspremier blant alle deltakarane. Arrangementet er gratis for barn til og med 12 år.

Det blir kiosksal av pølse i brød, brus og liknande på kaien, og her kan du også kjøpa fiskestenger og slukar.
Registreringa startar klokka 09:00.

Prisar:
Voksen (18+) 250,-
Voksen (18+) Medlem VJFL - Gratis
Ungdom (13-17) 150,-​​​​
Ungdom (13-17) Medlem VJFL - Gratis
Barn (0-12) Gratis

https://www.facebook.com/events/1285471933674574/?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22surface%22%3A%22home%22%7D%2C%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D