Kulturveka i Vats har som formål å fokusera dei ulike sidene av kulturlivet i Vats. Kulturveka er annan kvart år. Første var i 2006.
Kvart år får ein person tildelt heidersprisen. Heidersprisen går til ein person som har gjort mykje for kulturlivet i Vats. Første gong var i 2010. Kulturveka i Vats er eit ideelt og ikkje-kommersielt føretak. Og no er programmet for 2026 spikra!
Laurdag 30.05 - Opning, hagedag og anda-race
11:00: OPNING OG HAGEDAG PÅ EIKANESSTRANDA
Kulturveka i Vats 2026 blir opna hjå Skjervheim på Eikanesstranda hjå Jorunn og Knut Arne Skjervheim!
Jorunn og Knut Arne har anlagt eit unikt hageanlegg. Her vil du finna mange smarte løysingar, både når det gjeld bratt terreng, vatning og sniglar. Husa på tunet er fint tekne vare på, og den restaurerte løa er verdt eit besøk. Det vert både kaffi og noko å bita i. Og høve til ein god drøs!
14:00: ANDA-RACE PÅ ÅMSELVA I HATTELANDPARKEN
9. klasse arrangerer anda-race! Kjøp di eiga and og bli med på tevlinga.
Det vert sal av mat og drikke i Hattelandparken.
Søndag 31.05: Friluftsgudsteneste
11:00: FRILUFTSGUDSTENESTE PÅ REFSNES
I år er det 40 år sidan første gudstenesta på Refsnes i Blikrabygda. Som vanleg deltek speidarane.
Sokneprest Elisabeth Vatland Fauskanger er prest og Einar Bakke spelar.
Etter gudstenesta vert det høve til grilling, bading og ymse tevlingar.
Mandag 01.06: Badekveld på Vindafjordhallen
SK Vats - svømmegruppa arrangerer badekveld!
Alle er velkomne, og du treng ikkje vera medlem av SK Vats.
Du melder deg/bornet ditt på etter ferdigheit. Sjå Norges svømmeskole for skildring av dei ulike nivåa: https://www.tryggivann.no/
Instruktørar: Emilie og Linda
Fokus: kunne redda seg sjølve og andre i vatnet.
Velkommen til ein lærerik og morosam dag i vatnet!
Påmelding skjer via skjema: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSchLHs6QRavmGuXjmkkqeXGNCJSIUUaQ6LZHHQQS0ktEp51mA/viewform
17:00 - 18:00: Leik i vatn for barnehageborn
Gjeld for born født i kulla 2021, 2022 og 2023.
Maks. 12 born i kvart kull. Her må foreldra stille i badetøy og vera delaktige i bassenget.
18:00 - 19:00: Ulike ferdigheiter for skuleborn
Svømmeferdigheit: barn (trygge i vatn)
Maks. 12 born i kvar gruppe. Foresatte må stille i badetøy og vera delaktige.
18:00 - 18:20: Kval: dukking og sjå under vatn
18:20 - 18:40: Skilpadde: flyting mage/rygg
18:40 - 19:00: Pingvin & Sel: framdrift i vatn
19:00 - 19:30: Grunnferdigheiter for ungdom og vaksne
Svømmeferdigheit: ungdom/vaksen
19:00 - 19:15: Flyting/pil
19:15 - 19:30: Krawl
Onsdag 03.06: Kulturkveld og heiderspris
19:00: KULTURKVELD PÅ VINDAFJORDHALLEN
Velkommen til kulturkveld på Vindafjordhallen! På programmet står:
Kulturveka i Vats gjennom 20 år (bildekavalkade)
Utdeling av heidersprisen
Konsert med Einar Bakke m.fl
Jubileumsutstillinga: 4H gjennom 70 år i Vats
Sal av mat
Inngongspris: 100,-
Torsdag 04.06: Skytinga sin dag
18:00: Skytinga sin dag på skytebanen
Skyttarlaget inviterer til open dag på skytebanen i Vats.
Velkomen til å prøva rifleskyting og å få informasjon om sporten.
Opent for alle, og minstealder for skyting er alle som fyller 10 år i år.
Fredag 05.06: Basar!
19:00: BASAR PÅ TØRSDAL GRENDAHUS
Det vert mange fine gevinstar. Mat og kaffi vert det også, og høve til ein drøs med kjente og ukjente.
Garantert ei hyggeleg kveldsstund!
Laurdag 06.06: Fjelltur og fest!
11:00: FJELLTUR INNOVER AURDALSDALEN
Oppmøte hjå Nina og Jan Haslemo.
Her blir det orientering om osteproduksjon med meir.
På Sønnanåstølen fortel Harald Olav Stuhaug om Stølen.
Turen går vidare til Stølshaugen, og deretter vidare til der bilane står parkert.
17:00 - 19:00: POKERTUR
Sosial og morosam pokertur med utkledning. Du kan delta åleine eller som lag.
Løypa har ulike postar der du trekkjer eit spelekort. Sterkaste spelehand i mål, vinn.
Ulike aktivitetar på postane. Premie for beste kostyme.
Valfritt framkomstmiddel - oppfordring til kreativitet!
Pris: 150,- per person
Påmelding til kontakt@vindafjordhallen.no
19:00: PUBKVELD PÅ VINDAFJORDHALLEN
Etter pokerturen blir det pubkveld på Vindafjordhallen, ute om veret tillet det.



