Intensjonen med denne sida er å ha ein stad der bygdefolk og andre interesserte kan finna stoff som nyhende, lokalhistorie, informasjon om arrangement, informasjon til turistar, bilete frå bygda, lenkjer til lag, foreningar, institusjonar og bedrifter i bygda vår.
Det skal vera ei uavhengig side der ein skal kunna finna informasjon til nytte og glede. Me håpar at innhaldet fell i smak og at nettstaden vil bli mykje brukt. Innhaldet vil bli utvida etterkvart som stoff blir samla inn og lagt ut. Innspel og idear mottas med takk!
Sjekk ut programmet til Kulturveka i Vats - kanskje er det noko for deg der?
Vats er ei vakker bygd i Vindafjord kommune. Bygda ligg midt i kommunen og består av eit hovud-dalføre samt eit par sidedalar. Dalane i bygda er omkransa av fjell og mellom fjella og alt vatnet er der jordbruksland med mange fine gardar.
Vats har alt ein treng - barnehage, skule, bedrifter, daglegvarebutikkar, eit rikt friluftsliv med fjord og fjell - og snart også nytt bygdahus med svømmehall! Og kanskje viktigast av alt har bygda ein heil haug med kjekke folk.
Denne nettsida er driven av bygda sitt grendalag.
Vats Grendalag er eit utval beståande av innvalde personar frå bygda. Laget tek opp saker som dei får innspel på både frå bygdefolk, kommune og andre som måtte ha saker dei meiner er viktige å ta opp vedrørande bygdas ve og vel.
Laget har faste møte med kommunen og andre aktørar om saker og planar som vedrører bygda vår. Dei arbeider med saker som tilstanden til Vatsvassdraget, sykkel- og gong-stiar, gatelys m.m
Etter at Vindafjordhallen brann ned 22. juli 2019 har styret arbeidd aktivt med å få opp nytt bygdahus med svømmeanlegg.
Hatteland Gruppen er i gong med å opparbeida strandpromenade med grillplass, leikeplass og tursti langs Øyro.
Næringsområdet på Knapphus er i full sving, og no er det på trappene med enda meir utbygging på ekisterande tomteareal.
Utvidinga av Knapphusfeltet er i gong, og 6 leiligheiter er allereie til sals i Knapphustunet!
Vats Sogelag har opparbeida kultursti langs Åmselva!
Barnehagane i Vats skal slåast saman, og i samband med det skal Nausthaugen barnehage utvidast og oppgraderast.
Har du innspel til nettsida, t.d noko du meiner bør stå her eller noko som er feil? Send mail til post@vatsnett.com