Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

Vats kyrkje

 

                                          

 

Vats kyrkje ligg sentralt i bygda, ved enden av Vatsvatnet, og i grenseskiljet mellom gardane Kårhus og Vatne. Historikarar meiner at dette har vore kyrkjestaden i bygda heilt tilbake til 1200-talet. I gamle middelalderdokument frå 1327/28 er kyrkja kalla ecclesia de Aam.

Det kan forklarast med at korkje Kårhus eller Vatne var sjølvstendige gardar på den tida, og at garden Ohm omfatta området frå fjorden til Vatsvatnet.

Kyrkja er og nemnd i eit dokument frå 1319 der kyrkja er lokalisert til Waten (Vatne)

Det har i alle fall vore to kyrkjer tidlegare. Den forrige kyrkja vart bygd omlag 1640, og kyrkja før den igjen var truleg ei stavkyrkje.  Den noverande kyrkja vart ferdig hausten 1855.

Gamlekyrkja stod like nordanfor nykyrkja, og var i så dårleg stand at det var messefall både 7.  og 14. oktober 1855. Presten grunngir det med at ”Vats gamle Kirke er ubrukbar”

Onsdag 24. oktober 1855 ”inviedes Vats nye Kirke af  Biskop J. van der Lippe” 

Den hausten stod det såleis to kyrkjer i Vats.

                                  

 

Gamlekyrkja vart riven like etter, og materialane selde på auksjon. Men altersølvet, kyrkjeklokkene, lysekruna og ein del anna inventar vart flytta over i den nye. Altertavla må ha vore i så dårleg stand at ho vart teken frå kvarandre og lagt på loftet. Det same skjedde med Stokkatavla og Saxetavla. Preikestolen som var rikt utskoren og måla, kom bort, og ingen veit noko meir om han.

Døypefonten i kleberstein hamna ”på bygda”.

 

Altertavla er sidan blitt restaurert og sett inn att i kyrkja. Det same er Stokkatavla.

Døypefonten er og på plass att i kyrkja, men Saxetavla er det berre restar att av.

 


 

 

To år etter innviinga vart det bestemt faste sitjeplasser i kyrkja. Dei største gardane, og dei som betalte mest skatt,  skulle ha dei gjevaste plassene. Husmenn, tenestefolk og ”børn” skulle sitja bakerst eller på galleriet.

Det vart måla nummer på stoldørene. Men ordninga vart  formelt oppheva etter 41 år.

 

Utvendig har ikkje kyrkja forandra seg mykje sidan ho vart bygd, anna enn at det i 1940 vart bygd på eit tilbygg i austre enden som rommar prestesakresti og dåpssakresti.

Innvendig har det blitt ein del synlege forandringar, utan at grunnrisset er blitt vesentleg endra.

Til hundreårsjubilèet i 1955 vart det gjort eit omfattande arbeid innvendig i kyrkja. Det vart lagt nytt golv i heile kyrkja, og nye benker . Ein del gamalt inventar vart restaurert og sett inn att i kyrkja..

Og kyrkja vart måla innvendig.

 

 

Til 150-årsjubilèet i 2005 vart  det og gjort omfattande vedlikehalds- og restaureringsarbeid på kyrkja. Det vart lagt ut over ein million kr. Over halvparten var innsamla pengar frå næringsdrivande, organisasjonar og privatfolk i bygda. Kyrkja vart måla både utvendig og innvendig. Det vart sett opp  ny trapp i naturstein. Under alt arbeidet her var det kontakt med riksantikvaren på grunn av at kyrkja er ”listeført”, d. v. s. at ho er omfatta av særlege vernereglar. Det er og planlagt omfattande vedlikehald på orgelet.  Det er det eldste kyrkjeorgelet som er i vanleg bruk i Stavanger Bispedømme.

I 2007 vart sakrestiet heilt fornya innvendig. Tidlegare var det eit prestesakresti og eit rom for dåpsfylgje. Nå er det gjort om til eit rom med ein kjøkkenkrok. Loftet over tilbygget er innreia, og det er sett opp trapp. Det blir nytta til barnesamling når det er familiegudsteneste.

 

Bygdefolket utførte hundrevis av dugnadstimar, og det vart laga ei jubilèumsbok om kyrkja som var klar til jubilèet. Den er til sals på kyrkjekontoret i Ølen, og hos bokhandlarane. Den fortel meir om kyrkjestaden, om sjølve kyrkja, og om kyrkjelyden i Vats. Boka inneheld meir enn hundre bilete. Mykje av stoffet i boka har ikkje vore publisert tidlegare.

 

 

 

 

 

 Stokkatavla er eit klenodium. Det framstiller Johannes Stokka og kona Brynhild med alle deira 28 born. Det spesielle er at dei fleste av borna er døde, men har likevel fått plass på ”familiebiletet”,  som englar.

Minnetavla er malt ein gong etter 1658 av ein ukjend kunstnar.