Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

Jubileum Øvre Vats bedehus
50 år

 

Tekst og bilete:  Olav velde                                          

 

Øvre Vats bedehus feira 50-årsjubileum laurdag 4. desember 2010   Då var det på dagen 50 år sidan sokneprest Kaare Time innvia huset.

 

Jubileumsfeiringa var todelt.

Frå kl 12 – 15 var det juleverkstad for store og små.  Borna fekk laga julepynt. Det meste fekk dei med seg heim, men noko vart att som pynt på bedehuset. Det vart servert graut, saft, pepparkaker, mandariner, og kaffi til dei vaksne.

Det møtte femti born og tretti vaksne, så heile huset måtte takast i bruk.  Dei største heldt til  i speidarrommet i kjellaren, medan dei andre fordelte seg i storesalen, litlesalen og gangen.

Det var samlingsstund der ein vart minna om å ikkje gjøyma kvifor me feirar jul.  Vats Miniklang var med. Dei framførte fleire julesongar, og dei hadde flinke solistar.  Det vart ei kosestund for alle som var det.

 

Om kvelden var det fest for dei vaksne.  Prost Arne Øystese heldt ein flott tale der han trekte fram kor viktige  bedehusa har vore som kulturbærar i bygdene våre. Det var både alvor og skjemt i talen hans.

KM-karane frå Etne var med og song. Dei var med å sette farge på festen. Det gjorde og Peder Lundegård som hadde eit flott biletkåseri med utgangepunkt i bilete frå Vats.  Det var god mat, kaffi og kaker, og litt historisk mimring som det høver seg ved eit jubilèum.  Fleire hadde ordet og fortalde ting dei hugsa frå ei tid då bedehusa var svært sentrale i bygdesamfunnet.

 

Ei vellukka feiring på alle måtar