Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og bilete:  Bjørn Morten Stokka

                
Årets haustfest var som alltid vellukka.  Utstillinga i kafeen på Vindafjordhallen var mangfaldig og her var mykje fint å sjå på (og godt å smaka på).  Det er mange forskjellige oppgåver som blir valde kvart år, alt frå dyrestell, matstell, snekring, form og fantasi, fiske, diverse idrettar, mekking, foto og mykje anna.  Det blir lagt ned mange timar med godt arbeid for å få løysa desse oppgåvene.


Dette året hadde mange av medlemmene vald 'På scena' som oppgåve.

Ein del av desse var med på oppsetjingane av 'Mamma Mia', medan ei anna gruppe laga ein liten revy som vart framført på årets fest.  Denne vart og svært godt motteken av publikum i salen.

 

Også dette året var lapskausen og kakene svært gode, og lodda (årene) vart som vanleg seld fort ut.

 

I år var det fire medlemmer som var komne så langt i fartstid og alder at dei skulle motta plaketten.

Dette var: Ragnhild Vierdal, Ruth Kjerstin Eikeland, Inger Askeland og Siri Bakke.

 

Nokre bilete frå utdelinga av plakett og merke:

 


Plakett-mottakarane

 

                  

 

                  

 

                          

 

 

 

 

 

 

Haustfest  24.10.2009