4H Fiskefestival
og
Vats Musikkorps Anda-race 2009
Laurdag 13. juni vart det arrangert mykje for mange i Åmsosen. Dagen starta med at 4H serverte frukost nede ved Hatteland-bygget på kaien. Her møtte ca 50 med stort og smått, og maten som vart servert var god. Her var mat til mange fleire.
Deretter starta 4H fiskekonkurransen, 24 deltakarar la ut i båt eller fiska frå land. Her var 2 klassar, frå 8. klasse og oppover var vaksne, dei yngre i barne-klassen. Fiske-perioden var frå kl 10 - 12, og det var størst fisk som var grunnlag for premiering. Premiane var sjølvsagt fiskeutstyr.
Det vart også arrangert konkurranse i kanopadling, 2 deltakarar i kvar kano. 6 lag deltok, 2 lag i kvart heat med finale for dei to beste (på tid) til slutt. Premiar for dette er vandrepremie + 4H-kortstokk til deltakarane på vinnarlaget. Vats Musikkorps vart dette årets vinnar.
Kl 12 starta så arrangementet til Vats Musikkorps i parken ved Åmselva. Her fekk ein kjøpt grilllmat og anna, deltakar-and til anda-racet og her var mange aktivitetar ein kunne delta på.
Anda-racet starta utpå ettermiddagen og det var ganske tett med folk som følgde med langs elva. Speaker Steinar Sørhus piska opp stemninga, og vinnarane vart kåra utan bruk av målfoto og doping-kontroll.
Ein vellukka dag med bra ver og mange aktivitetar.

Frukost i det fri ved Hatteland-bygget på kaien

Heat 1 i kanopadling Heat 2 i kanopadling

Heat 3 i kanopadling Finalen, Vats Musikkorps hadde Supermann med.

Båtane på veg inn etter endt fiske og her er resultatet, den største vog 2,3 kg.


Mykje folk samla til grillmat, kaffi og ymse aktivitetar i parken ved Åmselva.

Endene klar for slepp og så er løpet i gong.

Spredning i feltet og trafikk-politiet var på plass.

Ikkje noko å seia på humøret til deltakarane ! Det dreg seg til mot mållinja.

Dei tre første er framme. Premieutdeling til dei 12 første.
|