Kort om bygda


Vats er ei vakker bygd i Vindafjord kommune. Bygda ligg midt i kommunen og består av eit hovud-dalføre samt eit par sidedalar. Dalane i bygda er omkransa av fjell og mellom fjella og alt vatnet er der jordbruksland med mange fine gardar.


Vats har alt ein treng - barnehage, skule, bedrifter, daglegvarebutikkar, eit rikt friluftsliv med fjord og fjell - og eit flunkande nytt bygdahus med svømmehall! Og kanskje viktigast av alt har bygda ein heil haug med kjekke folk.

Vats grendalag


Denne nettsida er driven av bygda sitt grendalag.

Vats Grendalag er eit utval beståande av innvalde personar frå bygda. Laget tek opp saker som dei får innspel på både frå bygdefolk, kommune og andre som måtte ha saker dei meiner er viktige å ta opp vedrørande bygdas ve og vel.


Laget har faste møte med kommunen og andre aktørar om saker og planar som vedrører bygda vår. Dei arbeider med saker som tilstanden til Vatsvassdraget, sykkel- og gong-stiar, gatelys m.m

Kva skjer i bygda?

Opningstider Vindafjordhallen

Kafeen på bygdahuset har ope følgjande tider:

Tysdag:   12:00 - 15:00: servering av varmmat, søt mat og drikke
                  17:00 - 20:00: kiosk
Torsdag: 17:00 - 20:00: kiosk
Laurdag: 12:00 - 16:00: kiosk og graut
Søndag:  12:00 - 17:00: kiosk

Kom innom for ein matbit og kaffi, ta gjerne med det strikketøyet og ein venn! Kvar laurdag kan du kjøpa graut i kafeen!

Symjeanlegget sine opningstider i vanlege veker:
Tysdag:       13:00 - 14:30: Formiddagsbading
                      16:30 - 19:00: Familiebading
                      18:30 - 20:00: Vaksenbading

Onsdag:      06:30 - 08:30: Morgonbading

Torsdag:      12:00 - 13:30: Aquagym / Formiddagsbading
                      16:30 - 19:00: Familiebading
                      18:30 - 20:00: Vaksenbading
Laurdag:      10:30 - 16:00: Familiebading
Søndag:       10:30 - 16:00: Familiebading

Aktuelt frå Vats

This blog is still in progress. Come back soon for posts and updates.
Denne bloggen er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv å oppdatere siden eller kom tilbake senere. Beklager ulempen.