Aktuelt frå Vats

Quizkveld på Vindafjordhallen 26.02 kl 19:00!
Vindafjordhallen inviterer til Quizkveld med Olav Gregersen 26.02 kl 19:00! Sett sammen eit godt lag og kom! 100,- per person
19 February 2026
Konsert med KOR'e Vindafjord etterfulgt av pubkveld - 17 april
Fredag 17.april 19:30 inviterer KORE’ Vindafjord til konsert på vindafjordhallen! Etterfulgt av pubkveld fra 21!
19 February 2026
Vinterferie og pizzabuffet på Vindafjordhallen!
Tirsdags kafeen i vinterferien (uke 9) byr på pizzabuffet Det blir og nåke søtt!
19 February 2026
Bålpanne, fiske og skeiser ved gapahuken ved Stokkadalsvatnet førstkommande søndag!
Vindafjord Jakt og Fiskelag fyrer opp bålpanna ved gapahuken som står ved Stokkadalsvatnet førstkommende søndag (01.02) klokken 12:00. Ta med store og små og prøv fiskelykken på isen eller en liten tur på skeiser.
27 January 2026
Velkommen til årsmøte 2025 for Skjold, Vats og Vikebygd sogelag
Kjære sogelagsmedlemmer og interesserte! Velkommen til ÅRSMØTE 2025, for Skjold, Vats og Vikebygd sogelag, på Vindafjordhallen torsdag, den 19. feb. 2026 KL 19.00. Det blir to foredrag denne kvelden. Professor emeritus Gunnar Nerheim foredrar om Thors gruve, torium forkomster, samt andre radioaktive metaller, i gruva på Eikesdal/Øvre Vats. Ca. 40 min. Siden me er inne på radioaktivitet og stråling, har eg bedt Stig Hatteland foredra om kjernekraft, og litt om Norsk kjernekraft, også ca. 40 min. Etter foredraga, blir det pause og matøkt med smørbrød og blautkake, ++åresal og premier til dei heldige. Ca. 30-40 min. Etter pausen blir det årsmøtesaker for dei som er medlemmer og interessert. NB: Eit av forslaga på årsmøtet, blir om det er stemning for samanslåing, av sogelaga i Vindafjord. Til "Vindafjord historielag". (Skjold, Vats og Vikebygd sogelag, Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag og Bjoa og Ølen historielag.) Vennleg tenk over dette, og ta med argumenta, både positive og negative.
26 January 2026
Nytt tilbod i Vindafjordhallen symjebasseng!
Gladmelding! Aquagym, formiddagsbading og vaksenbading i Vindafjordhallen symjehall Kvar torsdag framover blir det aquagym frå klokka 12.00–13.30. Oppstart er 22. januar. Aquagym er ei treningsform som kombinerer gym og instruktørleia vannaerobic. Rørsle i vatn gir skånsam, men effektiv trening, og responsen har vore veldig positiv! Det er inga påmelding, og billettar til dette kan du førebels kjøpa direkte i Vindafjordhallen (Hallen er open for dei som vil symje òg.) På tysdagar frå klokka 13-14.30 blir det formiddagsbading. Tirsdag og torsdag er det vaksenbading frå 18.30-20.00. Då er stupetårnet stengd og terapibassenget er justert til 160 cm. Opningstidene: Familiebading 16.30-19.00 tysdag og torsdag Formiddagsbading 13-14.30 tysdag Vaksenbading 18.30-20.00 tysdag og torsdag Morgonbading 06.30-08.30 onsdag Aquagym 12-13.30 torsdag Familiebading 10.30-16.00 laurdag og sundag Har du spørsmål eller ei tilbakemelding? Då kan du ta kontakt her: vindafjordhallen.symjehall@vindafjord.komm
21 January 2026
Denne bloggen er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv å oppdatere siden eller kom tilbake senere. Beklager ulempen.

Kva skjer i bygda?

Opningstider Vindafjordhallen

Kafeen på bygdahuset har ope følgjande tider:

Tysdag:   12:00 - 15:00: servering av varmmat, søt mat og drikke
                  17:00 - 20:00: kiosk
Laurdag: 12:00 - 16:00: kiosk og graut
Søndag:  12:00 - 16:00: kiosk

Kom innom for ein matbit og kaffi, ta gjerne med det strikketøyet og ein venn! Kvar laurdag kan du kjøpa graut i kafeen!

Symjeanlegget sine opningstider i vanlege veker:
Tysdag:       13:00 - 14:30: Formiddagsbading
                      16:30 - 19:00: Familiebading
                      18:30 - 20:00: Vaksenbading

Onsdag:      06:30 - 08:30: Morgonbading

Torsdag:      12:00 - 13:30: Aquagym / Formiddagsbading
                      16:30 - 19:00: Familiebading
                      18:30 - 20:00: Vaksenbading
Laurdag:      10:30 - 16:00: Familiebading
Søndag:       10:30 - 16:00: Familiebading

Kort om bygda


Vats er ei vakker bygd i Vindafjord kommune. Bygda ligg midt i kommunen og består av eit hovud-dalføre samt eit par sidedalar. Dalane i bygda er omkransa av fjell og mellom fjella og alt vatnet er der jordbruksland med mange fine gardar.


Vats har alt ein treng - barnehage, skule, bedrifter, daglegvarebutikkar, eit rikt friluftsliv med fjord og fjell - og eit flunkande nytt bygdahus med svømmehall! Og kanskje viktigast av alt har bygda ein heil haug med kjekke folk.

Vats grendalag


Denne nettsida er driven av bygda sitt grendalag.

Vats Grendalag er eit utval beståande av innvalde personar frå bygda. Laget tek opp saker som dei får innspel på både frå bygdefolk, kommune og andre som måtte ha saker dei meiner er viktige å ta opp vedrørande bygdas ve og vel.


Laget har faste møte med kommunen og andre aktørar om saker og planar som vedrører bygda vår. Dei arbeider med saker som tilstanden til Vatsvassdraget, sykkel- og gong-stiar, gatelys m.m