Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

Thors gruve

 

                                         

Dette er ei dagbrotsgruve, dvs. ho ligg open – vart driven frå 1890 – 1914.

Det var fyrst glimmerbrotsuttak i 1890-95. Det er glimmer mange stader her i området.

Det vart funne uranmalm i pegmatittgangar i Thorsgruva – dette vart opptakten til aktiv gruvedrift etter uranmalm og thorium frå 1895 og  framover.  Malmen vart teken ut frå fjellet, knust til  pellets og pakka i kassar.  Desse vart kjørt ned til Åmsosen med hest for så å bli vidaresendt med båt til Stavanger. 

Uranen vart deretter  eksportert til ulike vitskapelege læresenter rundt omkring i Europa for analyse og til vitskapleg forskning. Om lag 1300 kg. Uranmalm vart teke ut i gruva.

Av denne uranmalmen vart edelgassen  helium for fyrste gong påvist av den engelske vitskapsmannen Sir William Ramsey. Han fekk Nobelprisen i kjemi i 1904 for dette arbeidet.

 

Madam Marie Curie (1867 – 1934) fekk  Nobelprisen i fysikk i1903 for framstillinga av det radioaktive stoffet radium. Det blir hevda at ho fekk uranmalm frå denne gruva til sine analyser. Ho var fyrst ute med begrepet radioaktivitet og røntgenstråling.

Namnet Thors gruve kjem av namnet Thoritt som er eit mineral som inneheld grunnstoffet thorium som vart oppdaga av den svenske kjemikaren Jøns Jakob Berzelius  i 1824. Thorium har namnet etter den norrøne tordenguden Tor. Thorium har uvanleg høgt smeltepunkt på

+1363 grader C og blei brukt i gassbrennerar.

Uranmalmen var svært godt betalt – kiloprisen var på  150 – 190 kr .

 

Ny forskning og teknikk førte til behov for nye mineraler i slutten av 1880-åra og framover.

Det var svært stor skjerpefeber/leiteaktivitet etter mineraler på denne tida i heile landet.

Skjerp  tyder leiting etter malm. Dei som fekk skjerp, fekk berre rett til å leita etter mineral.

Muting – er tinglyst rett til å få ta ut metalliske mineralførekomster.

 

Her i Vats hadde me 4 gruver  + eit skiferuttak

1.    Thors gruve (uranmalm)             3. Krakkanutgruva (feltspat)

2.    Sørhusgruva (koparkis                 4.  Årligruva (glimmer)

5.    Skiferutttak i Blikrabygda/Vestvoll.

 

Grunnleggaren av Thorsgruva , Mauritz Kartevoll ( f. 1833 – d.1922) var frå Sandnes. Kartevold vart gripen av skjerpefeberen. Han hadde  fått kjennskap til glimmerbrotet her i Vats  – dette kunne innehalda thoritt.

I 1894 fekk han skjerp og mutingsbrev av Henrik Spartveit. Han såg verdien  av mineralene som låg her. Han sette i gong gruvedrifta med hjelp av lokale folk.

Mauritz Kartevold var ein uvanleg evnerik og  sjølvlært  mann som  leste kjemi, fysikk, astronomi, geologi, tekniske vitskapleg skrifter, teologi m.m.

Han var ordførar i Sandnes i to periodar, grunnla biblioteket der, var handelsmann, dreiv bakeri, var urmakar av yrke. Dessutan reiste han rundt omkring saman med Asbjørn Kloster og stifta fråhaldslag mange stader. Jærens Sokrates vart han kalla.

I 1865 oppdaga han og ein kamerat, Thorbjørn Brueland, koparførekomster på Visnes i Karmøy. Kartevoll måtte selja dette og tente ikkje store penger. Gruva vart Nord Europas største gruvesamfunn med over 3000 innbyggerar. Hgsd. Sjukehus kjem opprinneleg derifrå.

Siste gruvedirektør på Visnes var Ingvald Ohm  frå Nedre Vats. Ho vart lagt ned i 1972.  Flott museum der – ta turen der ein søndag og sjå utstillinga og området.

Hovudgruva er 700 m djup med mange sidegangar.

Frihetsstatua i USA har fått kopar frå denne gruva. Det står miniutgave av denne der ute.

 

Thorsgruva inneheld fleire sortar uranmalm  som hadde spesielle eigenskapar.

Franskmannen Bequerel oppdaga radioaktiviteten som fenomen (jfr. måleenheten bequerel etter Tsjernobelulukka i 1986) og Marie Curie forska på radium og Wilhelm Røntgen oppdaga røntgenstrålene i 1896. Engelskmannen William Ramsey fekk fram edelgassen helium frå uranmalmen Clevitt. Alt dette hadde Kartevold lese. Desse vitskapsfolka brukte ulike typar uranmalm som vart funne i Thorsgruva.

Kartevold hadde kontakt med desse og sende dei uranprøvar. Han fekk gode tilbakemeldingar. Dermed såg han for seg store muligheter for stordrift.

Radioaktiv stråling hadde fått stor plass i medisinen. 

 

 Kartevold hadde store visjonar og framtidsutsikter for denne gruva og skreiv dette:

”Ertsene frå Vats har vist seg rige. Jeg antager at Uran-Clevit Radio.erts kan gjemme seg tusende steder i Vats Fjellens dyp og avsette radioholdig vand.

Det vilde være en stor lykke for Vatsbygden og et gavn for Menneskeheten, thi kunsten at forlenge livet er av stor almen betydning. Det vilde glæde mig om Vand og Fjeld viste sig særs nyttige i Lægehenseende.

Vandkilder ved Radio-Ertser er overmåte nyttige for Kuranstalter især for Brystsyge, og kronisk syge og mange andre vanskelege Sygdomme.”

 

Kartevold såg for seg ”ein stor gruveby i Grånuden”(rett nord i dalen for gruva )  med eit Sanatorium like i nærleiken.

I 1905 hadde han vyer om eit Radiumhospital i Vats  med bakgrunn i medisinske erfaringar frå utanlandske.

Professor William Ramsey m. fl. vitskapsmenn var her på vitjing. Dei overnatta i Ølen.  Ein av mennene vart sjuk. Kartevold fekk ein mann til å henta vatn i Thorsgruva som den sjuke skulle drikka -  men om han vart frisk, er ukjent.

 

Prisane på thoritt vart låge og funna var for små til å driva. Kartevold måtte til slutt gi opp. 

Spartveit selde gruva til ein engelskmann  Price for 30 000 kr.

Det vart ikkje meir gruvedrift etter dette.

Kartevold  døydde i 1922, 89 år gamal og etterlet seg kone og 9 barn. Han vart ikkje rik på sine investeringar. Han møtte også mykje motstand for sine tankar og idear. Han var eigentleg ein mann før si tid.

 

Under 2. verdskrig vart det drive glimmeruttak. Tyskerane var interessert i gruva – dei visste om uraninnhaldet. Ein kar som heitte Hans Ramberg hadde tilsyn med gruva under krigen

Ramberg prøvde å halda gruva hemmeleg for tyskerane under krigen – difor kalla han gruva for Trodlaskargruva fordi ho ligg ved Trodlaskarhaugen.

I 1945 vart det teke ut 15 kassar uranmalm som låg att i gruva etter krigen. Desse vart lagra på låven til Ådne Spartveit i mange år. Kassane  vart sidan lagra forsvarleg i eit HV-lager i Haugesund og seinare sendt til Universitetet i Bergen.

 

I 1946 var det prøvedrift att i nokre veker av Minekompaniet v/ein Tidemann. Då var Ådne Spartveit og  Jonas Tønnessen med og arbeidde i gruva. Dei bygde ei smie og bora med hammar og feisel. Dei skulle førebu  skyting av tunnel. Tunnelen vart det ikkje noko av.

To statsgeologar - Bjørlykke og Rosenkrants frå Oslo var i gruva på 50-talet med geigerteljarar og undersøkte om gruva kunne opnast att for drift.

Konklusjonen var at det ikkje ville vera økonomisk forsvarleg.

Men dette med thorium har blitt aktualisert i det siste. Kven veit om framtida til gruva?