Heim

Vats i Rogaland

 

 

Vats er ei bygd i Vindafjord kommune. Bygda ligg midt i kommunen og består av eit hovud-dalføre samt eit par sidedalar. Hovud-dalen går nord-sør, den startar med Vatsvatnet i Øvre Vats og endar i Nedre Vats ved søre enden av Vatsfjorden som munnar ut i Yrkjefjorden. Øvst i dalen køyrer ein gjennom store deler av Øvre Vats på E134. Dalane i bygda er omkransa av fjell og mellom fjella og alt vatnet er der jordbruksland med mange fine gardar.

Om nettsida

Vats grendautval

Kva skjer i nabolaget:

 

Romjulsmarsj

Bygdekvinnelaget arrangerer romjulsmarsj torsdag 28. desember. Marsjen startar på skulen kl 17:00 og så er der ein nisse å finna langs vegen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nutafanten 2017

Resultata for årets Nutafant er klare, og i år som så mange andre år var det Skjalg Duesund som hadde flest noteringar :) 407 turar vart det fordelt på ymse toppar i bygda. Du finn all informasjon under Fritid/Turisme i menyen på toppen. Der finn du også noteringskort som du kan skriva ut for aktiv bruk til neste år.

 

 

Grendautvalet, årsmøte og anna

Grendautvalet heldt årsmøte på Vindafjordhallen 27. november. Ikkje altfor mange frammøtte men møtet var bra for det :) Det var informasjon om ymse frå kommunen og presentasjon av Hatteland og AF Decom.

Vil du vita meir om det som blir teke opp i og av grendautvalet så ta ein kikk på menyen i toppen, gå inn på 'GRENDAUTVAL'. Der er informasjon om kontaktpersonar og referat frå tidlegare møter samt anna stoff om saker grendautvalet har jobba med.

 

 

Ut på tur i Vindafjord

Brosjyra har sikkert dei fleste fått heim i postkassen men den kan også lastast ned her eller finnast på heimesida til Vindafjord kommue.

For turar i Vats må det nå nemnast at det i år er rydda, merka og skilta ny sti mellom Veldehytta og Vikestølen som er Bjoa sitt turmål i år.

 

Brosjyra med noteringskort finn du her

 

 

 

 

Nutafanten 2017

 

Noteringskort for 2017 finn du her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilrettelagte turar i Vats

Husstandane i kommunen får årleg brosjyre for Ut på tur i Vindafjord i postkassen. Der er det og informasjon om tilrettelagte turar i det årlege opplegget.

 

Ein tilrettelagt tur i Vats som ein kan gå nett når ein vil er turen til Fjellgardsbakken i Aurdal, for familiar, barn, vaksne med barnevogn, rullestolbrukarar og andre med funksjonshemmingar :)

 

Beskrivelse av turen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Intensjonen med denne sida er å ha ein stad der bygdefolk og andre interesserte kan finna stoff som nyhende, lokalhistorie, informasjon om arrangement, informasjon til turistar, bilete frå bygda, lenkjer til lag, foreningar, institusjonar og bedrifter i bygda vår.

Det skal vera ei uavhengig side der ein skal kunna finna informasjon til nytte og glede.

Me håpar at innhaldet fell i smak og at nettstaden vil bli mykje brukt. Innhaldet vil bli utvida etterkvart som stoff blir samla inn og lagt ut. Innspel og idear mottas med takk.

har faste møte med kommunen og andre aktørar om saker og planar som vedrører bygda vår.

 

Grendautvalet arbeider heile tida med store saker/prosjekt som folk i bygda er opptekne av. Saker som t.d. sykkel/gangveg og helsa til Vatsvassdraget.

 

Gå inn på mappa GRENDAUTVAL i menyen på toppen av sida for meir informasjon om Vatsvassdraget, referat frå møte og andre dokument frå grendautvalet.

Har du stoff du ønskjer å få inn på sida ?

Plakatar til planlagt arrangement, aktivitetar

til kalenderen, referat frå

møte/arrangement.

Send det inn vha e-post her:

Sist oppdatert: Romjulsmarsj 14.12.2017 06:42

Resultat Nutafanten

 

Informasjon om Nutafanten finn du i menyen på toppen under Fritid/Turisme og så vidare inn på Nutafanten.

 

Vindafjordhallen

Symjehallen har opningstider:

- Tysdag: 17 -19 for familie, 19 - 21 for vaksne

- Onsdag: 11 - 15 for familie

- Torsdag: 16 - 17 for pensjonistar, 17 - 19 for familie og

19 - 21 for vaksne.

- Søndag: 12 - 16 for familie

 

Symjehallen er stengt i jula og i perioden juni til ut i august.