Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

 

 

                 

 

 

 

Årets Nutafant:  nok ein gong: Laila Mjølhus

 

GRATULERER  

 

 

 

                           

 

       

                        

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Helsing

 

       

 

 

 

 

 

 

 

Nutafanten 2010

Laila er uslåeleg for tida. Sidan sist utdeling har ho vore 481 gonger til fjells. Sjølv ikkje snøen greidde å setja ein stoppar for den turglade Laila. Julaftan har ho skrive i boka på Friarane:

Endeleg oppe, etter å ha vassa i 1-2 m snø. God Jul..

 

Og neste dag, 1. juledag: Trudde det skulle vore enklare i dag, men nei då. Alle spor var vekke, men med ein god porsjon stahet går det.

 

Laila har ein vandrepremie frå før på hylla. Den har ho vunne tre gonger. Premien i år, og i åra som kjem, er ein Vandringsstav der alle Nutafant-vinnarar sidan 1995 har fått namnet sitt. Denne staven får Laila "låna" eit år.

 

Nytt av året var at det var trekning av ein

tureskk mellom dei som hadde vore på alle dei

elleve nutane.

Speidarjenta Trude Krakk vann den fine gevinsten.

 

Det var ny deltakarrekord i år, 1553 personar hadde skrive namnet. Det er blitt til saman 15601 personar på 16 år, og 29790 noteringar totalt.

 

Noteringar og statistikk

Det er Vats KFUK-KFUM-speidarane som arrangerer Nutafanten. Opplegget er enkelt: Det ligg bok og blyant i ein kasse på i alt elleve nutar i Vats. Noter namnet ditt kvar gong du er der. På vatsnett.com kan du finna meir informasjon om Nutafanten. Der kan du og finna kart og noteringskort.

 

Men hugs: Legg boka tilbake i kassen, og lukk kassen forsvarleg.

 

God tur.