Turområde i Vats

Jon Olav Velde har lagt ned eit omfattande arbeid til glede for alle som er glade i turlivet i Vats-bygda. Han har merka og skilta mange flotte fjellturar (og nokre andre for dei som likar seg i lågare terreng), og han har også skrive om alle desse turane. Denne informasjonen er tilgjengeleg via linkane nedanfor.

 

Informasjon og kart er også slått opp på informasjonstavler ved parkeringsplassane.

Jon Olav er kontaktmann og ansvarleg for opplysningane. Eventuelle kommentarer, rettingar eller tilføyingar kan rettast til han.

 

Har de bilete frå dei enkelte turane, og som de ønsker å dela med almuen, så send dei gjerne til Vatsnett saman med ein liten beskrivelse.

 

  • Vatsnett.Com © 2009 •  • 

 

 

 

 

I 2015 er det Krakkanuten som er med i dette opplegget.

 

Enklare tur t.d for personar med ulike funksjonshemmingar. Denne turen går til Fjellgardsbakken i Aurdalsdalen.

 

 

Kort oversikt alle turane i Vats

 

Aurdal i Øvre Vats, turar til Sletthaug, Åksla, Vardafjellet, Steinslandsnuten, Stuhaug seter og gard.

 

Turar til Brennesteg, Åksla, Vardafjellet, Stemvatnet og Døldaren.

 

Turar til Thors gruve, Veldehytta, Eikås/Bjoa, Longåsdalen, Vikestølen, Ørnaberget, Vikebygd, Morgonsvatnet, Dyrhaug, Stemmetjørn, Ulserhaug og Moldebrekka.

 

Turar til Tordisnuten, Nising og Kjort.

 

Skogstur til Stråtveit gard.

 

Turar til Frierane og Hovda, over til Gjerdesdalen.

 

Turar til Krakkanuten og Vatnedalsvatnet

 

Turar til Frøland, Grånuten og Fuglen.

 

Turar til Frierane og Hovda, over til Vestvoll.