Utflukt til garden Sandvik i Vats

Søndag 18. september 2011

Tekst og bilete:  Jone Hatteland

Søndag 18. september hadde Skjold og Vats Sogelag utflukt til Sandvik i Vats.  Været var ikkje av det beste, men allikevel møtte det opp
25 personar for å få med seg historia og omvisning i Sandvik.

Trygve Sandvik som har vore eigaren dei siste åra, og nå saman med sonen på nabogarden, fortalde om gamalt og nytt.
Først var me samla i løa og fekk orientering om Sandvik i gamle dagar og spesielt frå 1700-talet då slekta hans slo seg ned her etter øydetid sidan Svartedauden.

Etterpå fekk me omvisning i eldhuset og kvernhuset som han hadde restaurert.  Begge husa var godt forseggjort og det er gildt å sjå at folk bruker
tid og pengar på å halda slike historiske byggverk i hevd med godt vedlikehald.
Så fekk me sjå arbeidet med bygginga av dei nye røyrgatene til kraftverket, det blir eit kjempeanlegg.

Me vandra vidare ned til sjøen, fekk omvisning på tunet der og så vidare til sagbruket som er kombinert med båthus.  Der er også det gamle kraftverket plassert.

Til slutt køyrde me opp til det nye vedhuset som er bygd på den gamle måten.  Her blei det halde kurs i denne gamle byggjemåten for dei som var interesserte.

Det var ein interessant og hyggeleg utflukt.  Mange takk til Trygve som stilte opp som guide, eigar og kjentmann, og takk til dei mange som møtte opp !