Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og bilete:  Olav Velde

                
Turen blei gjennomført, trass i surt vèr, regnbyger og vind.  Det var i alt 20 som gjennomførte heile turen.  Fire turdeltakarar kom heilt frå Haugesund, og ein frå Skjold. Resten var vatsbu.

På Friarane hadde 4H utdeling av nysteikte lappar, syltetøy og saft.  Det var bra med litt ekstra næring før den bratte oppstigninga. Dessverre fekk me berre glimtvis nyta utsikta over bygda.
Tåka var tjukk, og bygene var harde. Men innimellom var det ganske så bra, til og med ein solglytt.

På Sletthaug hadde speidarane rigga til ein pressenning slik at me kunne sitja under ”tak” å eta grauten og nyta bålkokt kaffi.
Ein vellukka tur, utan uhell, og godt humør på alle som var med.

 

                          

Servering av saft og lappar ved Friarane

 

                          

 

                          

før turen gjekk vidare oppover for både tobeinte og firbeinte.

 

                          

Matpause undervegs og til slutt servering av rømmegraut ved hytta på Sletthaug.

 

 

 

 

 

 

Fire på ein dag

2009